Hugs å søka om du vil bli yrkesdykkar
Dykkerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar. Snart er det søknadsfrist for kurset som startar til hausten.
Hugs å søka om du vil bli yrkesdykkar
Foto: Høgskulen på Vestlandet
UTDANNING

Hugs å søka om du vil bli yrkesdykkar
Dykkerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar. Snart er det søknadsfrist for kurset som startar til hausten.
  Annonsørinnhold fra Høgskulen på Vestlandet
En yrkesdykker er aktiv, nøyaktig og har gode samarbeidsevner. Det er ein fordel om du er praktisk innstilt, likar utfordringar og er villig til å ta initiativ. Ein yrkesdykkar er først og fremst ein fagperson som gjer arbeid under vatn.

Teoriundervisninga skjer i klasserom og gjennom praktisk dykking. Dei praktiske øvingane startar i basseng innandørs og held fram med øvingar i sjø frå landbaserte dykkepostar og frå fartøy. Kurset startar til hausten.

Søknadsfrist: 15. april 2024






På dykkerutdanninga lærer du mange ulike dykkemetodar og former for undervassarbeid. Du lærer korleis du skal fungere i eit dykkarlag, og får opplæring i dei fleste former for yrkesdykking.

Du får òg lære om dykkefysikk, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, utstyrslære, regelverk, HMS, sjømannskap, søkemetodar og dykkeleiing.

Du vil også lære om anleggsarbeid, undervass-sprenging, varmearbeid, berging og legging av røyr, havbruk og allmennfag.

Yrkesdykker

Foto: Høgskulen på Vestlandet


Utdanninga gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar:


  • Fagskulegrad yrkesdykking, 60 studiepoeng
  • Grunnleggande inspeksjonsdykking
  • Grunnleggande anleggsdykking og rørlegging
  • Teoridel sprenging under vatn
  • Brenning og sveising under vatn
  • Berging
  • Dykking innan havbruk
  • Dykking med Nitrox som pustegass
  • Dykkebevis B, grunnleggande tryggleiksopplæring
  • Dykkesertifikat Klasse 1, Petroleumstilsynet
  • IDSA Level 3 (Surface Supplied Offshore Air Diver)
  • Sertifikat varmearbeid
  • HMS-kurs, 40 timar


Kva kan du jobbe med?


Som yrkesdykkar er du involvert i for eksempel anleggs- og inspeksjonsarbeid, røyrleidningar, olje- og gassinstallasjonar, berging ved skipsforlis, dykking innan havbruk, registrering av marinarkeologiske funn og servicearbeid på skip.

Yrkesdykkinga i Noreg har to retningar, dykking innanskjers og dykking i Nordsjøen. Dykkerutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er aleine i Noreg om å tilby fagskuleutdanning med formelle eksamenar for dykkarar og dykkarpersonell.

Du kan ta eitårig utdanning som yrkesdykkar, eller kurs av kortare varigheit, t.d. i redningsdykking. Søkarar må vere fylt 18 år, og det er ikkje nødvendig med erfaring fra dykking.




Høgskulen på Vestlandet

Hjemmeside: www.hvl.no/dykkerutdanninga
Facebook: @dykkerutdanningen
Telefon: 55 58 58 00
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Adresse: Skålevikveien 60, 5158 Loddefjord
Kontaktperson: Finn Hansen




ANNONSE:

Annonsørinnhold:

ANNONSE:
ANNONSE:

Begynne å dykke - eller ta et videregående kurs?

 

Global Underwater Explorers tilbyr kurs for nybegynnere, erfarne dykkere og tekniske kurs for dyp dykking, grottedykking og dykking med rebreather. GUEs mål er å utvikle dine ferdigheter, effektive prosedyrer for problemløsning og gjøre deg til en bedre dykker.

 

 

 

Annonsørinnhold:

  • Hold varmen når du dykker

    Det er vinterkaldt i sjøen og viktig å sørge for å holde seg skikkelig varm. Det kan du gjøre med Santi elektriske varmesystemer fra Fue.no.

ANNONSE:

Annonsørinnhold:

  • GPS AS holder kurs i trykkprøving

    Trykkprøving av dykkeflasker er helt nødvendig og skal gjøres med faste intervaller. Nå kan du lære hvordan det gjøres hos Gass og Pusteservice i Drøbak.
Siste videoer:
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
Facebook
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
logo
Dykking har siden 1983 blitt gitt ut av Forlaget Dykking AS. Redaktør: Christian Skauge

 

Forlaget Dykking AS
Postboks 6654 Etterstad, 0609 Oslo
Org. nr. 936558496

 



Avmelding fra nyhetsvarsler
© 2023 Forlaget Dykking AS