Dampskipet på havets botn
På ein elles flat havbotn stakk nokre merkelege strukturar opp frå sanden – det viste seg å vere eit lenge sakna dampskip.

Ankervinsjen i baugen av skipet. Foto: Mareano/Havforskningsinstituttet
Dampskipet på havets botn
På ein elles flat havbotn stakk nokre merkelege strukturar opp frå sanden – det viste seg å vere eit lenge sakna dampskip.
Av Beate Hoddevik, Havforskningsinstituttet
Forskarane hadde allereie undersøkt dei detaljerte djupnekarta som dei brukar når dei planlegg kor havbotnen skal kartleggast med mellom anna video.

D/S Malmberget. Foto: Sjöhistoriska Museet (public domain)
Dei hadde observert korallar i området, men akkurat desse strukturane skilte seg litt ut frå korallane som alt var kartlagt.
Dermed vart det bestemt at dette måtte dei undersøke nærare.

Øyekorall (Desmophyllum) til venstre og sjøtre (Paragorgia) til høgre. Det er 10 cm mellom dei raude laserprikkane. Foto: Mareano/Havforskningsinstituttet
Då kameraet nærma seg strukturane, vart det fort klart at det var snakk om eit gammalt vrak. Store korallar tyda på at det hadde lagt der lenge.
Etter litt detektivarbeid om bord på forskingsfartøyet, blei det avslørt at det var D/S Malmberget som endeleg var funne.
Video: Havforskningsinstituttet
43 menneske omkom då den svenske skuta forsvann nesten sporlaust i ein storm for over 100 år sidan. Fleire av dei omkomne var frå Narvik og området rundt.
Artikkelen er gjengitt med tillatelse fra Beate Hoddevik. Den ble først publisert på mareano.no.

D/S Malmberget. Foto: Sjöhistoriska Museet (public domain)
D/S MALMBERGET | |
Type: | Lasteskip |
Bygd: | 1913 ved R & W Hawthorn, Leslie & Co. Ltd., Hebburn-On-Tyne (#460) |
Mål: | 134,78 x 19,64 x 9,90 meter |
Tonnasje: | 7.966 BRT, 11.550 DVT |
Motor: | Trippel eksp. dampmaskin, 2.400 HK |
Forlisdato: | 28. november 1913 |
Årsak: | Forliste i orkan |
Omkomne: | 43 mann |
Sted: | Vest av Tennholmen fyr utenfor Bodø |
Dybde: | 218 meter |
Last: | Jernmalm |
Reiserute: | Narvik – Rotterdam |
Rederi: | Rederi AB Luleå-Ofoten, Stockholm |
Annet: | Vraket ble funnet av Havforskningsinstituttet med en ROV |