Bli med på Sjønær-festivalen
Sjønær 2025 er den fjerde utgåva av havfestivalen der deltakarar samlast ytst i havgapet, på fugleøya Runde, for å feire og utforske havet.
Bli med på Sjønær-festivalen
Foto: Marko Polter
ARRANGEMENT

Bli med på Sjønær-festivalen
Sjønær 2025 er den fjerde utgåva av havfestivalen der deltakarar samlast ytst i havgapet, på fugleøya Runde, for å feire og utforske havet.
  Pressemelding fra Sjønær-festivalen
☒   ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
Etter fjorårets suksess er planlegginga av årets arrangement allereie godt i gang, og får ekstra glans av at 2025 er Friluftslivets år.

Sjønær-festivalen på Runde går føre seg 5.–7. september og er på ei helg full av aktivitetar, opplevingar og samhald.





– Fjorårets Sjønær var ein stor suksess for alle involverte, seier festivalsjef Marko Polter i fridykkargruppa Njord Freediver.

Han fortel at dei har skapt er ein arena der deltakarane verkeleg får kome tettare på havet – hovudmålet med heile festivalen.

Festivalhelga startar fredag kveld, og både lokale og tilreisande er velkomne til Runde og Sjønær-festivalen.

Sjønær-festivalen

Foto: Arnbjørg Aagesen


– Dette blir ein sosial kveld der vi møtest, blir kjende med kvarandre, fortel om aktivitetane som kjem, og sørgjer for at alle er klare for ei inspirerande helg ved havet, seier Polter.

Laurdag er den store aktivitetsdagen med fokus på nokre av Norges mest spektakulære naturområde. Dagen startar med morgonyoga og ein god frukost, før deltakarane kan velje mellom ulike aktivitetar:

Fridykking, apparatdykking og coasteering. Alt skjer i spektakulære omgivnader saman med erfarne instruktørar og guidar.

Sjønær-festivalen

Foto: Endre Fuglseth


– Det blir ikkje berre aktivitetar, men også god mat, rom for sosialt samvær og kjekke overraskingar undervegs, seier Cecil Elisabet Nerbø, dagleg leiar i Opplev Runde, som er ein av hovudarrangørane.

På ettermiddagen blir det «After Sea», eit uformelt møtepunkt med inspirerande samtalar, foredrag og sterke historier frå livet i og ved havet.

På kvelden blir det festivalmiddag, musikk og sosialt samvær for alle med festivalpass. Du er også hjarteleg velkomen dersom du berre er interessert i «After Sea».

Sjønær-festivalen

Foto: Marko Polter


Søndagen er gratis og open for alle – uansett erfaring og bakgrunn, og du kan utforske dei mange tilboda Sjønær byr på:

Det blir både tangsafari, coasteering, opa skatteutstilling, fridykkingsdemo og kajakkpadling i Runde Hamn.

Barn, vaksne og eldre kan her få prøve seg på ulike aktivitetar og bli kjende med det mangfaldige livet i havet. Her er terskelen låg!

Sjønær-festivalen

Foto: Johannes Madsen


For alle som har festivalpass til dykking eller fridykking, blir det også ein ekstra dykketur på søndagen.

På slutten av dagen spanderer arrangørane gratis pizza på alle som deltek i aktivitetane – ei perfekt avslutting på ei innhaldsrik helg!

Bak festivalen står lokale lag og organisasjonar frå Herøy, som Herøy Dykkerklubb, i tillegg til Njord Freediver og Opplev Runde.

Sjønær-festivalen

Foto: Vasco Pinhol


Alle har dei til felles at dei brenn for havet og ønskjer å opne det for fleire, samtidig som vi saman set fokus på alt som havet betyr for oss.

Alle som er med på å arrangere, har ein felles kjærleik og respekt for havet. Målet med Sjønær er å gjere havet tilgjengeleg for fleire og samstundes setje lys på kva vi kan gjere for å ta vare på det.

– Vi ønskjer å dele kunnskap og opplevingar, der folk kan lære meir om havet i lag, seier Marko Polter.



Treng du overnatting, tilbyr Runde Miljøsenter gode alternativ for deg som kjem langvegsfrå. Ta kontakt med arrangørane dersom du har spørsmål.

– Vi gler oss til å ta imot nye og tidlegare deltakarar 5.–7. september. Det blir ei minneverdig helg med spektakulære naturopplevingar, spanande aktivitetar og triveleg fellesskap, avsluttar Polter.

Annonse:


Sjønær er gjort mogleg takka vere god støtte frå Ulstein, Tussa, Sunnmøre Engros, Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune er alle med som støttespelarar og sponsorar av festivalen.

Denne viktige støtta gjer det mogleg å tilby eit rikt og variert program – både for dei med festivalpass og dei som kjem til den opne aktivitetsdagen søndag.



ANNONSE:

Annonsørinnhold:

ANNONSE:
ANNONSE:

Vil du begynne å dykke?

 

Scuba Schools International tilbyr kurs fra begynnernivå til instruktør. De har også et bredt utvalg av emnekurs og videregående kurs som rebreatherdykking og extended range. Flere av dykkesentrene i bransjeregisteret tilbyr SSI-kurs.

 

 

 

Annonsørinnhold:

  • Rabatt på gass for klubbene

    Norges Dykkeforbunds avtale med Nippon Gases gir medlemsklubbene og dykkeskoler med avtale rabatt på pustegasser og leie av flasker.

ANNONSE:

Annonsørinnhold:

  • Ny sjakkel skal hjelpe miljøet

    I en tid hvor maritim forurensing utgjør en stadig økende trussel mot havets helse, er det på høy tid å handle. Derfor har Wee Marine utviklet en ny innfesting av fender.
Siste videoer:
Annonse:
ANNONSE:
Annonse:
Facebook
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
ANNONSE:
logo
Dykking har siden 1983 blitt gitt ut av Forlaget Dykking AS. Redaktør: Christian Skauge

 

Forlaget Dykking AS
Postboks 6654 Etterstad, 0609 Oslo
Org. nr. 936558496

 



Avmelding fra nyhetsvarsler
© 2024 Forlaget Dykking AS