Haustens vakraste eventyr på Runde
I september inviterer lokale aktørar i Herøy nok ein gong til eit fantastisk eventyr ytst i havgapet på fugleøya Runde. Arrangørane av havfestivalen Sjønær lovar tre dagar proppa med aktivitet i, rundt og med fokus på havet.
Foto: Marius Remøy/Sjønær
Haustens vakraste eventyr på Runde
I september inviterer lokale aktørar i Herøy nok ein gong til eit fantastisk eventyr ytst i havgapet på fugleøya Runde. Arrangørane av havfestivalen Sjønær lovar tre dagar proppa med aktivitet i, rundt og med fokus på havet.
Av Bjørnar Torvholm Sævik
Han fortel at dei saman skapte ein arena der festivaldeltakarane på fleire måtar fekk kome tettare på havet. Dette var hovudmålet med heile festivalen.

Runde byr på ypperlige forhold for dykking og fridykking. Foto: Marko Polter/Sjønær
Saman med hovudarrangør Opplev Runde er den Herøy-baserte fridykkargruppa grunnleggar av havfestivalen som går av stabelen på Runde Miljøsenter 8.–10. september 2023.
– Det blir eit tredagars eventyr som haventusiastar ikkje vil gå glipp av. Det blir fridykking, apparatdykking, kajakkpadling, coasteering, yoga, foredrag og flotte aktivitetar for alle haventusiastar, seier Marko Polter.

Er du glad i være på og ved havet er Sjønær-festivalen kanskje noe for deg. Foto: Vasco Pinhol/Sjønær
Han fortel at programmet er proppa frå fredag kveld til søndag ettermiddag.
– I år skrur vi opp festivalpreget endå eit hakk samanlikna med i fjor. Det blir i tillegg til aktivitetane god mat, moglegheit for overnatting og eit after-sea-arrangement laurdag kveld med musikalsk underhaldning, seier Cecil Elisabet Nerbø, dagleg leiar i Opplev Runde.

Foto: Marko Polter/Sjønær
Sentralt står også andre lokale aktørar frå Herøy.
– Herøy Kajakklubb skal sørge for eit fantastisk opplegg for padleentusiastar. Herøy Dykkerklubb er med på apparatdykkinga og vi i Njord Freediver står for fridykkinga, seier Polter.
– Opplev Runde har også relativt nyleg starta ei spenstig satsing med «coasteering», ein heilt unik måte å utforske havlandskapet i Herøy på. Deltakarar får på seg våtdrakt, hjelm og redningsvest før dei blir med våre dyktige guidar rundt i fjøresteinane og klippane langs Runde. Dette blir berre knallbra, lovar Nerbø, som seier at dette er ein aktivitet som passar alle.
En tingbok fra 1725 forteller
Med seg på laget har arrangørane elles fått med seg Sunnmørsbadet som sponsor.
– Dei vil også vere med oss på søndagens program – eller sunday fun day, som vi kallar arrangement-dagen, røper Polter.
Medan fredagen og laurdagens program er mynta på erfarne hobby-entusiastar som er vande i å opphalde seg i og under vatnet, så er søndagen dagen der alle kan kome for å prøve gratis aktivitetar og bli kjent med havet.

På Runde Miljøsenter kan man ta den berømte myntskatten i nærmere øyesyn. Foto: Lill Haugen/Sjønær
– I fjor var festivalen meir som eit pilotarrangement. Der såg vi at vi i tillegg til ein dag for entusiastar og erfarne dykkarar/padlarar, trengte ein dag for dei som ikkje har like mykje erfaring. Derfor ønskjer vi å prøve ut ein aktivitetsdag for store og små der terskelen skal vere låg for å delta, seier Nerbø.
Fredagen blir for festivaldeltakarar som skal delta på entusiast-dagen laurdag.
– Dette blir dagen der vi stiftar kjennskap med kvarandre og formidlar den viktigaste informasjonen om laurdagens aktivitetar, forklarar Polter.

Sjønær-festivalen gir gode muligheter til å utforske fugleøya Runde fra kajakk. Foto: Sjønær
Nerbø påpeiker at festivalen er laga for å tiltrekke seg folk også langvegsfrå.
– Vi har gode overnattingsmoglegheiter på Runde Miljøsenter for folk som kjem tilreisande. Dette er ønskeleg og vi oppmodar folk om å ta kontakt om dei har spørsmål om deltakinga. Her er alle velkomne, seier Nerbø.

Både store og små synes det er spennende å lete etter ting i fjæra. Foto: Lill Haugen/Sjønær
Marko Polter forklarar kvifor dei har gått saman med lokale aktørar for å arrangere Sjønær:
– Alle som er med på arrangere har ein felles kjærleik og respekt for havet. Det er vår fellesnemnar, seier han.
– Målet med festivalen får er å bidra til å gjere havet tilgjengeleg for fleire og samstundes bidra til ei sterkare synleggjering av kor viktig havet er for oss. Sjønær er ein arena der folk med ulike forhold til havet kan kome for å dele erfaringar, og saman lære meir om havet i lag, forklarar Polter.
Han seier at årets tematikk dreier seg om kva «vi» kan gjere for havet som gjengjeld for alt havet gjer for oss.
– Så er det kjekt å leike også, og det er det som til sjuande og sist er så flott med denne festivalen. Vi lærar å kjenne havet gjennom leik, sosialisering og aktivitet i lag med folk som ønskjer å utforske havet i fellesskap, avsluttar Nerbø.
LES MER
Sjønær-festivalen 2023
Sjønær-festivalen 2023























